Hello world!

Welcome to WordPress.com. This is your first post. Edit or delete it and start blogging!

Posted in Uncategorized | 1 Comment

Airplane joke

Posted in Uncategorized | Leave a comment

A package from the other side of the globe

På grunn av ein lav dollarkurs tok eg meg ein tur innom Amazon.com (den amerikanske avdelinga) for å bestille nokon bøker, mellom anna nokre rollspelbøker frå Black Industries i Storbritannia som vert minst like billeg via Amazon.com som nokon andre stader trass i frakt.
 
Som vanleg når eg bestiller frå Amazon.com så delte dei også denne gongen opp sendinga mi i fleire forskjellege pakkar som kom kvar for seg. Dette skjer sikkert avdi eg bestiller saker som kan vere litt vanskeleg å levere og det er vel like godt å sende det som dei har og frigjere lagerplass eller noko.
 
I nokon tilfelle har eg likevel opplevd at noko som eg har bestilt frå Amazon.com har kome frå andre stader enn den vanlege staden for sendingar derifrå. Det vil vanlegvis seie ein stad i USA. Denne gongen var det i Lexington KY.
 
To av bøkene hadde imidlertid reist litt lengre. Dei var tydelegvis ikkje tilgjengelege i USA likevel:  
 
Trass i dette var det ikkje nokon merkbar forskjell på tida det tok frå eg fekk beskjed om sendinga til pakken var her.
 
Posted in Bøker | Leave a comment

Japan – del 2 – Mat

Eit av dei store spørsmåla før reisa til Japan, i alle fall for meg, var spørsmålet om maten. Eg stiller ikkje så veldig store krav til mat akkurat, men ein kan få inntrykk av at japansk mat er nokså sær. Sushi og andre mattyper som har vorte eksporterte hitover liknar ikkje akkurat så veldig mykje på det eg ville kalle vanleg mat.
 
Det er difor greitt å kunne melde at det er mogeleg å vere turist i Japan i over to veker utan å ete sushi ein einaste gong, og dersom ein vil det så kan ein sannsynlegvis godt klare seg utan å ete noko som ein like godt kunne fått tak i i London eller Roma. Dette vil nok verte litt dyrare enn dersom ein prøvar seg på dei lokale gatekjøkena, men det er som sagt mogeleg. Dette er likevel heller ikkje utan mogelegheiter for overraskingar.
 
Junkfood, både japansk og meir vestleg type, er etter norske mål veldig billeg i Japan. Ein porsjon frityrsteikte kyllingbitar med ris fekk eg tak i for rundt 500 yen (25 kroner), og dersom ein nøyer seg med grøn te så er det alt ein treng å betale for ein porsjon med mat som ein faktisk vert mett av. Ein cola i tillegg kjem gjerne på 250-350 yen og er mao. nokså dyrt samanlikna med maten.
 
Det å bestille mat er heller ikkje så vanskeleg som ein skulle tru, sjølv på gatekjøken, for dei aller fleste har anten fine fargebilete på menyen eller så har dei plastmodellar av ymse rettar utstilt i butikken (eller rett utanfor). Dette var faktisk så vanleg at det nok må finnast ein heil liten småindustri som produserer plastmodellar av matrettar til bruk i serveringsindustrien. Uansett så treng ein berre å peike og prøve å kommunisere kven ved bordet som skal ha kva. Med litt erfaring og eksperimentering så er det vanlegvis greitt å sjå kva dei forskjellege plastmodellane skal forestille.
 
Sidan eg altså ikkje er så veldig hypp på Japansk mat så har det altså vorte ein del besøk på forskjellege vestlege restaurantar i løpet av turen, og nokre få saker kan då vere verd å merke seg:
  • Det er vanskeleg å ete spaghetti med pinnar.
  • "Japansk" spaghetti er ofte laga med eit nokså mykje større tverrsnitt og kortare lengd enn den spaghettien ein er van med så han kan faktisk vere vanskeleg å ete sjølv med gaffel. (Meir vanskeleg enn det vanlegvis er altså.)
  • Rettar som ofte vert brukt som som forrettar i Noreg vil ikkje nødvendigvis vere det i Japan.
  • Japanarar har ikkje noko forhold til metodikken med å servere varm mat i porsjonar så dersom ein bestiller to varmrettar kan ein risikere at begge to kjem på bordet omtrent samtidig. (Japansk varmmat fungerer tydelegvis på ein heilt annan måte. I nokon tilfelle ved at maten vert steikt på bordet av dei som skal ete han.)
  • Det er fullt mogeleg å få ein god, italienskliknande pizza i Japan, men steikinga har ein tendens til å vere ujamn. (Sjå forrige punkt om varmmat, dette kan også gjelde korleis ein lagar han.)
  • Ver varsam med all brødliknande mat (enno eit område som Japanarane ikkje har heilt kontroll på).

Men uansett så vil ein på eit eller anna tidpunkt kome over noko som ein aldri i sine villaste fabuleringar hadde klart å kome opp med sjølv. I mitt tilfelle var dette noko eg fann i ein pizzabuffet i Kyoto.

Det er kanskje litt vanskeleg å umiddelbart sjå kva dette er, men det er altså eit lite pizzastykke med eit gult, osteliknande lag på toppen og mørk saus. Eg trudde i utgangspunktet at dette kanskje var ein slags lokal ostetype og ein eller annan sær kryddersaus, men det viste seg at det gule var vaniljekrem og den brune sausen var sjokoladesaus. Som ein kan forstå var eg nokså overraska, men eg har i ettertid forstått at dette er berre eit litt ekstremt eksempel på korleis ting fungerer i Japan.

Posted in Travel | Leave a comment

Japan – del 1

Eg har nettopp kome attende frå Japan, der eg fyrst var på verdenskongressen og deretter reiste rundt litt som turist etterpå og det er difor sikkert greitt med ein liten rapport. Kanskje til og med i fleire deler.
 
Som hovedinntrykk av Japan så må eg seie at trass i alt så var Japan slett ikkje så rart som ein kan få inntrykk av gjennom media. Det er rett nok ein del saker som er uvande (som eg skal kome attende til) men i det store og heile var det veldig problemfritt å reise og opphalde seg som turist i Japan. Japanarar flest er rett nok veldig dårlege i engelsk så kommunikasjonen med lokalbefolkninga er på eit lavmål, men dei fleste er greie nok å ha med å gjere (så langt eg då kunne sjå). Eg lurer for min del på om det er noko i japansk som gjer at det rett og slett er vanskeleg å lære seg engelsk dersom det einaste språket ein kan er japansk, for sjølv dei som var nokså bra i engelsk (dvs. det var mogeleg å forstå kva dei sa utan problem) hadde vanlegvis nokon veldig sære vendingar som ein sjeldan høyrer andre stader. Eg trur og gjerne at japanarar ser på staving av engelske ord som meir valfri enn ho eigentleg er. Ut frå alle dei merkelege sakene som ein ser på skilt og menyar som slumpar til å ha engelsk tekst. Eitt av dei mest interessante eg såg var Pizza Capricious, som eg ikkje tok sjansen på å bestille.
 
 
 
 
 
Posted in Travel | Leave a comment

Bilete

Eg lova vel å legge opp nokon bilete for veldig lenge sidan, men det har det vorte tynt med. Kanskje mest avdi eg ikkje har teke nokon bilete av leiligheita.
 
Eg kan imidlertid vise eit fint bilete av utsikta frå det nye kontoret mitt. ( I alle fall straks eg finn ut korleis eg faktisk gjer det då.)
 
 
Posted in Uncategorized | 1 Comment

Skifta meining

Tenkte eg skulle forbanne alle som køyrer bil i Oslo i dag, men eg ombestemte meg når eg kom på at det å måtte køyre bil i Oslo sikkert er verre enn alle forbanningar som eg kan forårsake uansett.
Posted in Uncategorized | Leave a comment